Offentlege tenester på nett
Stat og kommune ynskjer å kommunisere med innbyggjarane digitalt. Det vil gje deg som innbyggjar ein enklare kvardag , med betre tenester og raskare svar frå offentleg sektor. Når det offentlege sender viktig post til deg, får du varsel på SMS eller e-post om kvar du skal logge inn for å lese brevet. Dersom du framleis vil ha brev på papir må du reservere deg mot kommunikasjon på nett.
ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på internett, og tilbyr sikker innlogging ved bruk av elektronisk ID (e-ID).
Om du skal utføre tenester frå stat og kommune digitalt, må du ha ein elektronisk ID for å kunne logge deg inn. Ein elektronisk ID er viktig for å stadfeste at du er den du utgjev deg for å vere. Du kan velje mellom seks alternativ for elektronisk ID:
ID-porten brukarstøtte tilbyr rettleiing på e-ID og hjelp til innlogging. Kontakt brukarstøtta for ID-porten.
ID-porten blir drifta av Digitaliseringsdirektoratet.